"A very small event such as the flapping of a single butterfly's wings could produce a very large event such as a tornado or a snowstorm."
The phrase refers to the idea that a butterfly’s wings might create tiny changes in the atmosphere that ultimately cause a tornado to appear (or prevent a tornado from appearing). The flapping wing represents a small change in the initial condition of the system, which causes a chain of events leading to large-scale phenomena. Had the butterfly not flapped its wings, the trajectory of the system might have been vastly different (adopted from Wikipedia).
På nynorsk denne gong: Sommarfugleffekten på Torgallmenningen
Dei sit der med sine melankolske andlet vendt ned mot gatesteinane som ein for ein har blitt lagt ned med omhu. Mangelen på augekontakt er kanskje ein måte å distansere seg frå nedverdiginga av menneska som går rett forbi på. Dei spør kanskje om du har ein slant til overs. Men folk flest unnar dei ikkje eingong eit blikk. -"For vi veit jo alle kva det går til?" Det er haust i Bergen og eg går nedover Torgallmenningen og det er 2008.
Eg har alltid vore litt ambivalent når det kjem til tiggjarar og om ein burde gi pengar til dei. På eine sida kan pengane gå til eit skot som sender vedkomande rett i koma eller til organiserte grupper, men på andre sida kan det gå til mat og drikke. Men så tenker eg igjen; kva så om dei usle kronene eg gir vekk går til rus? Det er jo ein grunn til at dei sit der på gata og tiggar: dei er avhengige og blir seriøst sjuke om dei ikkje får den rusen. Dette er eit vanskeleg dilemma.
Heilt sidan barndomen har eg fått innprenta at eg budde i beste og rikaste landet i verda. Heile verda låg framfor mine føter, og eg hadde utenkjeleg mange val. Men ho heimlause som sit i eit hjørnet av DnB-bygningen hadde nok desse draumane då ho var lita også? Trur du ikkje ho også, for lenge sidan, då ho var lukkeleg uvitande om verdas harde røyndom, hadde håp for framtida? Jo. Eg trur det er meir tilfeldig enn vi trur kven som endar opp i rennesteinen og kven som endar opp som ein vellukka arbeidar.
Det er her eg trur at teorien om sommarfugleffekten kjem inn i bilete. Sommarfugleffekten er aninga om at ein svært lita hending i livet kan gjere ei stor forskjell seinare, og resultere i kaos. Definisjonen på dette fenomenet er kjent for å lyde slik: "A very small event such as the flapping of a single butterfly's wings could produce a very large event such as a tornado or a snowstorm."
Det er nettopp hos dei heimlause at sommarfugleffekten har slått inn. Det er heile er så innmari tilfeldig at det nesten er tragikomisk. Mon tro om ho tiggjaren på Torgallmenningen hadde blitt heime den kvelden i '96, mon tru om ho ikkje hadde støtt på Petter som hadde ecstasy med seg, og mon tru at ho hadde vore full og testa det ut, og mon tru at ho ikkje blei avhengig og enda opp på gata for å tiggje pengar ti år seinare.
Eg er ikkje vand med å sjå uteliggjarar, heimløyse, rusmisbrukarar, kva enn definisjonen på desse stakkars folka er. Det er vel mest sannsynleg nettopp difor eg reagerte så sterkt på det. - Men vakn opp, Noreg! Dei er her. I verdas såkalla rikaste land! Og vi kallar oss sjølve for solidariske! Likeverdige og solidariske der vi eine augneblinken insisterer på universelle menneskerettar, og i neste går rett forbi tiggarar som openbart slit. Det går ikkje opp for meg. Eg lurar på om folkav og til stoppar opp og tenkjer på sommarfugleffekten? Eg undrar om dei som går rett forbi tiggjarane, tenkjer at ho heimlause likegodt kunne ha vore seg sjølv?
Eg sa til sambuaren min at eg er redd eg utviklar meg til å bli ein determinist. Ein som trur handlingar berre fører til eit mogeleg resultat. Egentlig veit eg det berre er ei unnskuldning for å unngå valg og ansvar. Ho sa det i alle fall er bra eg ikkje er ein fatalist. Dei prøver ikkje å unngå kula fordi den har navnet sitt på seg uansett. Dei kan ikkje vere spesielt lukkelege.
Perfekt eksempel på fatalisme:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar